Så kjekt at de vil tilbringe tid her! Hytta er laga for ro, enkelheit og naturnært liv – medan vi tek oss av det meste av det praktiske. Under finn de litt nyttig info, slik at alt fungerer som det skal medan de berre kan senke skuldrene og slappe av.
Hytta brukar solceller med batteri, og når sola ikkje heilt strekk til, startar eit lite gassaggregat. Det kan høyrast når det går – heilt normalt. For å halde både støy og forbruk nede, set vi pris på om de brukar straumen med litt omtanke.
Vatnet kjem frå regn som blir samla på taket og filtrert fleire gonger før det kjem i krana. Det er avgrensa mengder, så bruk gjerne vatnet smart – ikkje stress, berre unngå sløsing. Me anbefaler å koke det viss de vil drikke vatnet, då filtreringa ikkje er testa som drikkevatn. Me har sjølvsakt varmt vatn i kranen som er oppvarma av gass.
Komfyren går på gass. Det er gassalarm i hytta, men propan fell nedover og kan bli oppdaga litt seint. Hugs derfor å slå av komfyren heilt etter bruk.
Vedomnen er av moderne, reintbrennande type og skal faktisk tennast frå toppen og nedover. Opne døra så lite som mogleg når den brenn, elles kan det kome litt røyk ut.
Hytta har eit toalettrom med vassklosett og handvask. Det er ikkje mogleg å dusje i hytta.
Det er ei lita og koseleg hytte med tre doble senger på 150 x 200. Perfekt for familiar, eller opptil 6 vaksne som er glade i kvarandre.
Det er ikkje oppvaskmaskin i hytta, og det hadde vore fint om de vaskar opp etter dykk sjølve når de har laga mat. Vi tek sjølvsagt utvask etter at de har forlate hytta. Det er òg fint om de kan strippe sengetøyet på dei sengene som har vore brukte, slik at det er lett for oss å ta oss av vask og ny oppreiing. Ved berre å vaske dei sengesetta som er blitt brukte, er vi alle med på å vere miljøvennlege.
Parkering skjer på parkeringsplassen på toppen ved Fjell festning. Det er ein liten spasertur på om lag 900 meter inn til hytta frå parkeringa. Vegen inn til hytta er ein traktorveg som går gjennom eit sauebeite, og det er difor tilrådd med gode sko og klede. Kos dykk gjerne med sauene på vegen dersom de treffer på dei.
Kort fortalt: Nyt hyttelivet. Resten ordnar vi.
Om de har spørsmål, eller om noko uventa skulle oppstå, er det berre å ta kontakt på +47 920 25 717.